Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ni stipend à 40 000 kroner til unge lovande idrettsutøvarar. Stipenda skal gå til idrettsutøvarar som markerer seg med gode nasjonale og/eller internasjonale prestasjonar i idrett. Det er viktig å merke seg at utøvaren må vere i aldersgruppa 16-25 år og representere ein klubb i Vestland fylke.
Meir utfyllande informasjon, og søknadsskjema (lenke på høgre side) finn ein her: Utviklingsstipend til idrettsutøvarar - Vestland fylkeskommune
Søknadsfrist er innan 1. oktober.
Håpa alle kan dele informasjon om dette stipendet på dei respektive skulane, slik at vi også i år får inn mange gode søknadar.
Kanskje blir det nokon frå din skule som får stipend i år?
Skulle det vere spørsmål er det berre å ta kontakt med underteikna.
Med helsing
Rune Åland
seniorrådgjevar
Idrett og friluftsliv seksjon for fysisk aktivitet og inkludering avdeling for kultur og folkhelse