Hopp til hovedinnhold

Særskilt tilrettelegging på eksamen - frist 06.mars

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging.

Du kan ikkje få tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogleg å leggje til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnsskap.

Der det i læreplanen i faget er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal eksamen ikkje leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.

Lingdysbrukarar som skal gjennomføre eksamen i SEB (framandspråk og engelsk) må søkje om å få bruke programmet på eksamen. 

Søknad må sendast i Visma InSchool. Rektor avgjer om og korleis høva skal bli lagt til rette.

Ved allergi og andre diagnosar, der symptombildet kan endre seg vesentleg, må det leggjast ved ny dokumentasjon kvart år. 

Merk! Frist innan 06.mars.