Bli kjend tur for alle på Vg 1
Me reiser til Strandebarm i veke 35 (30.08-01.09).
Alle har ei overnatting. Me vil reise puljevis, oppsett kjem.
Bussane går frå Fusa vgs klokka 14.15 onsdagen (grunna fagdag) og 11:45 torsdagen med retur frå Strandebarm klokka 13:00 begge dager. Bussturen tar Ca 30.min.
Kontaktlærarane vil vere med på turen, i tillegg til representantar frå elevtenesta.
Aktivitetar
Det vil bli eit aktivt opphald i Strandebarm. Det vil bli samlingar med mål å bli betre kjent, volleyball og minigolf. Det er i tillegg gode moglegheiter for å bade, alle elever under 18år på levera samtykkeskjema frå foreldre dersom dei skal bada i skuletida. Skjemaet får de i startsamtalen med kontaktlærar. All bading skal avtalast med ein vaksen som skal sitja vakt på land. Fleire av aktivitetane vil vere utandørs, så ta med skiftetøy og kler etter vêrmeldinga. Sengetøy og håndklær får de på sportellet.
Dag 2 vil me gå ein natursti med ulike aktivitetar og avslutta med lunsj før retur til skulen.
Måltid på sportellet
Dag 1: Lunsj, middag og felles grilling om kvelden
Dag 2: Frukost og lunsj før avreise
Pakking
- Yttertøy og klær er avhengig av vêret (gode sko), innesko, badetøy og toalettsaker.
- Romma er utstyrt med sengeklede og handkle, men det kan vere lurt å ta med eit ekstra handkle dersom ein vil bade.
Påmelding
Meld deg på i følgjande lenkje:
Det blir påmelding på nett, og lenkja til påmelding vil bli sendt på sms til elevar og føresette. Der er det også moglegheit til å notere spesielle behov, allergiar eller sjukdommar vi må ta omsyn til. Det er også lurt å orientere kontaktlærar direkte om dette. Frist for påmelding er 25.08.23
Ansvar – tilsyn
Når det gjeld sikkerheit og ansvar, følger vi Vestland fylkeskommune sin reglement for elevturar.
Reiseleiarane tek berre på seg ansvar og tilsyn som svarer til det lærarane har i undervisnings-/ skulesituasjonen, med den tillemping som er nødvendig og naturleg i samband med ekskursjonar/elevturar. Det er ein klar føresetnad at deltakarane tar nødvendig medansvar for eigen sikkerheit/situasjon. I deltakaranes fritid etter at programmet for dagen er slutt, har reiseleiarane ikkje noko ansvar ut over vanleg omsorg og ansvar som vaksne menneskjer tek på seg, jfr. det som står under samt reglement.
Under reiser og under dei obligatoriske programma gjeld skulereglementet så langt det passar. Det presiserast at deltakarane skal møte til avtalte tider. Det vert særskilt framheva at det er forbod mot å vere påverka av eller å inneha rusmidlar. Brot på denne regelen medfører at eleven vert sendt heim. Det er også underforstått at deltakarane ikkje må handla på ein slik måte at det kan skade skulens omdømme.
Spørsmål om turen ? ta kontakt med sosialrådgjevar Kristine Hjartnes