- Helse- og oppvekstfag
- Naturbruk
- Restaurant- og matfag
- Studiespesialisering
- TAF/YSK-modellen
- Teknologi- og industrifag
- Tilrettelagt opplæring
- Vaksenopplæring

Velkommen til Fusa vidaregåande skule
Fusa vidaregåande skule ligg idyllisk til i Eikelandsosen, i Bjørnafjorden kommune. Til saman har me omlag 300 elevar og 55 tilsette. Alle tilsette ved skulen legg vekt på å byggje god relasjon til deg som elev. Me har lyse og moderne lokale, og eit tett samarbeid med næringsliv og kommunar. Me er ein kombinert skule med yrkesfaglinjer og studiespesialiserande linjer, med elevar frå fleire ulike kommunar.
Meir opplæring i fag frå vidaregåande skule
Har du eit fag du ikkje har bestått? Då kan du ha rett til meir opplæring slik at du kan fullføre vidaregåande opplæring.
Vil du vite meir om tilbodet på Fusa vgs?
Vi ønskjer framtidige elevar velkomne til å bli betre kjende med skulen vår og utdanningsprogramma våre! 4. og 5. november kan du møte oss på Bjørnefjorden utdanningsmesse. Vi inviterer også ungdomsskuleelevar til hospitering i veke 48, der du får høve til å oppleve skulekvardagen vår på nært hald.Aktuelle saker
Elevundersøkinga
Vi gjennomfører Elevundersøkinga på skulen i løpet av dei komande vekene. Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får høve til å seie si meining om læring og trivsel på skulen.

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa.
Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Vestland skal gjennomføre ei undervisningsevaluering. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utvikli...

Klagebehandling
Her finn du informasjon og rutine for klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel.

Gratis leige av skulelokale for aktivitetar for barn og ungdom
Frivillige lag og organisasjonar kan søke om gratis leige av lokale ved Fusa vidaregåande skule der målgruppa er barn og unge under 20 år.