Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Elev jobbar med digital foring

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

 

Kvifor velje naturbruk?

Er du interessert i og har omsorg for natur, mennesker, dyr og miljø? På naturbruk lærer du om samanhengen  mellom biologisk produksjon, naturens tålegrenser og menneskeleg aktivitet.  Du får kunnskap om korleis me kan bruka naturressursane på best mogeleg måte.

Me tilbyr:

  • Vg1 Naturbruk
  • Vg2 Akvakultur
  •  YSK Marin 

På Fusa vgs vil me gje deg ei spennande veksling mellom praksis og teori. Me har flott natur som legg godt til rette for utflukter og ekskursjonar i nærmiljøet. 

 Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan akvakultur, biologi og realfag,  kan du søkje YSK Marin. 

_DSC9645.png

Kva kan du bli?

Naturbruk er eit utdanningsprogram for eit yrke innan primærnæringane. Du har mange valg vidare.

 

 

Vg1 Naturbruk:


Du vil få ei spennande veksling mellom teori og praksis. Aktivitetane på skulen er praktisk retta der du vil læra om akvakultur, livet i havet og i ferskvatn, fiske og fangst. Du vil få mange fine turar som også vil omfatte overnatting i lavo, telt og snøhole. Skulen har eigen båt som vert nytta i undervisninga. Du vil få sikkerheitskurs for sjøfolk (STCW/IMO50) og tilbod om å ta båtførarprøven. I løpet av skuleåret vil du få 30 dagar opplæring i ei bedrift innan akvakultur eller fiskeri.

Læreplan i vg1 naturbruk

Vg2 Akvakultur:


Du vil få grundig innføring i teori og praksis ved oppdrett av laks, rensefiske som rognkjeks og leppefisk, og marine artar som kveite, torsk, blåskjell og kamskjell. Du vil lære korleis ein produserer god og sunn sjømat ved hjelp av moderne teknologi på mange ulike område. Opplæringa dekker alt frå biologi til avansert datastyrte system for overvåking og prosessstyring. Du vil få opplæring til å ta kran sertifikat og bruk av radiokummunikasjon. I tillegg vil du få tilbod om sertifisering i dekksoffiser klasse 6 (D6) På vg2 vil 9 veker av opplæringa vere ute i ei oppdrettsbedrift. her kan du prøve ut korleis det er å arbeide i oppdrettsnæringa, og sjå samanheng mellom teori og praksis.

Læreplan i Vg2 akvakultur

Fagbrev- fagarbeidar


Etter fullført vg2 i akvakultur kan du ta fagbrev i akvakulturfaget  eller havbruksteknikkfaget (frå 2021). Havbruksteknikkfaget har ei tydeleg teknisk vinkling og akvakultur har ei tydeleg biologisk vinkling.  Som fagarbeider/driftsoperatør i  akvakultur jobbar du med produksjon av oppdrettsorganismer på oppdrettsanlegg, både landbasert og på sjø, og sjå samanheng mellom biologisk produksjon og tekniske løysingar. 

Fagarbeider/driftsoperatør i havbruksteknikk jobbar med drift og vedlikehald av tekniske løysingar og installasjonar knytta til akvakulturanlegg både på land og på sjø.

Det er framleis produksjon av laks som er den største produksjonen og har flest arbeidsplassar. Men også andre produskjoner som oppdrett av torsk, kveite, leppefisk (rensefisk) og tang og tare er aktuelle arbeidsplasser. Produksjon av laks er ein kontinuerleg prosess frå klekkeri til slakteri. Den vert vanlegvis delt i 2 deler; settefisk som foregår i ferskvatn i anlegg på land, og matfisk i oppdrettsanlegg på sjø.

Vegen til fagbrev:

Lærling:
For å verta lærling i akvakulturfaget eller havbruksteknikkfaget må du ha gjennomført 2 år på vidaregåande skulen, vg1 Naturbruk og vg2 Akvakultur. Læretida er 2 år for begge faga.

Etter læretida kan du få stilling som fagarbeidar eller  gå  vidare på påbygg som kvalifiserer deg til høgskule og universitet.

Læreplan i akvakulturfaget vg3 / opplæring i bedrift

TAF-lærling

For å verta YSK-lærling, søkjer du YSK akvakultur (programområde naturbruk) når du søkjer deg inn på vidaregåande skule. Som YSK elev, kombinerer du opplæring på skulen og lærling i bedrift i 4 år.
Etter 4 år tar du fagbrev i akvakultur og du har studiekompetanse med fordjupning i realfag.

Søknad YSK