Hopp til hovedinnhold

Skulen vår

Bordtennis i friminutt

Fusa vidaregåande skule ligg i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Til saman har me  over 300 elevar, og 55 tilsette.  Me har lyse og moderne lokale, og eit tett samarbeid med næringsliv og kommunar.  Med gjensidig respekt mellom vaksne og elevar, ønskjer me å bidra til at alle lærer og trivest i åra dei er hjå oss.

Ekspedisjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 07.30 - 15.00. I skranken møter du Siriann og Solveig.

Kvar finn du oss

Adressa til skulen vår er Leiro 43, 5640 Eikelandsosen. Resepsjonen ligger i første etasje, inngangsdør i porten. Der finner du også administrasjonen. 

Telefon til sentralbordet er 56 58 09 00

Epostadresse er post.fuv(at)vlfk.no

imageuh8yd.png

Miljø - læring - trivsel

Trivsel er ein viktig føresetnad for læring. Fusa vgs arbeidar for at elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø, og har 0-toleranse mot mobbing. Me har fleire trivselsfremjande tiltak, og elevane er viktige samarbeidspartnarar her.

imageebyb5.png

Vi er miljøfyrtårnsertifisert! 

Frå juli 2015 er Fusa vgs sertifisert miljøfyrtårnbedrift! Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Det innebærer systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. 

Fusa vgs har tilsette med gode ambisjonar og praktiske rutinar og mål for miljø-, trivsels - og HMS-arbeid, og me vil involvere elevane og deira organ i Miljøfyrtårn-arbeidet  som ein integrert del av dei kvardagslege rutinane.

Me tek miljøansvaret vårt på alvor og handlar i praksis!Logo_2008.jpg

Tilgjenge

På nettsida Bygg for alle finn du informasjon om korleis det er å ta seg fram i og til Fusa vidaregåande skole. Det er nyttig for dei som for eksempel er bevegelseshemmet, synshemmet eller av andre årsaker trenger å vite korleis tilgangen er i og rundt skulebygget.

_MwF_9130.jpg

Fusa vgs, hovedbygg og nybygg