På denne sida finn du informasjon om ulike tilbod vi har til deg som elev.
Leksehjelp
På måndag og onsdag kl. 14:30 - 16:00 kan du få leksehjelp på skulen. Lærarar vil då vere på rom 254 og kan hjelpe deg med fag du synes er litt vanskelege.

Rådgjevarane våre
Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.
Elevrådet
Elevrådet skal ta opp saker som du som elev synes er viktige. Det blir valt elevrådstyre kvart skuleår.
Skuleåret 2022/2023 er det desse som er i elevstyret:
Elevrådstyret 2022-23
Elevrådsleiar
Jonathan Hool Jensen -KOS
Nestleiar
Maria Ones - Ho
Sekretær
Sara G M Kvamme – KDA 1
Skulemiljøansvarleg
Vilde Tveit – KDA 3
Moldova ansvarlege
Alma Vermedal – Taf 1
Alexander Riis - Naa
Du kan melde inn saker til elevrådet på e-post kristine.hjartnes@vlfk.no
Treng du hybel?
Vi har kontakt med fleire som leiger ut hybel nær skulen og kan hjelpe deg med å få kontakt med dei. Er dette av interesse eller har du spørsmål kan du ta kontakt med miljøkoordinator/sosialrådgjevar Kristine Hjartnes.

Noko å spise?
Har du det litt for travelt om morgonen til å spise frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei kantine med stort utval av både mat og drikke.