Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velja helse- og oppvekstfag?
Ynskjer du å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov? Kanskje du trivst når ingen arbeidsdagar er like og det oppstår nye situasjonar kvar dag? Då kan helse- og oppvekstfag vera noko for deg!
Me tilbyr:
- Vg1 Helse- og Oppvekstfag (HO)
- Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar
- Vg2 Helsefagarbeidar
På Fusa vgs har me eit godt samarbeid med bedrifter, kommunar og helseforetak i distriktet. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling.
Om du ynskjer ei høgare utdanning innan helsefag, treng du studiekompetanse, då kan TAF Helse være vegen å gå.

Kva kan du bli?
Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær?