TAF/YSK-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.
Kvifor velja TAF/YSK (tekniske allmenne fag)?
- Du får eit godt grunnlag for høgare utdanning
- Du får både fagbrev og studiekompetanse, med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og kjemi
- Du lærer å arbeida sjølvstendig etter eigne planar
- Du lærer å samarbeida
- Bedriftene betalar alle utgifter i samband med utdanninga
- Du får løn etter gjeldande reglar
- Du følgjer bedrifta sitt arbeidsår
Me tilbyr fylgjande utdanningar innan TAF/YSK:
- TAF/YSK Helse
- TAF/YSK Marin
- TAF/YSK Mekanisk
- TAF/YSK Restaurant- og matfag
- TAF/YSK Automatisering (Hausten 2021)
Tekniske allmenne fag (TAF/YSK) er eit samarbeid mellom Fusa vgs og lærebedrifter innan dei ulike fagområda.
TAF/YSK Automatisering
Frå hausten 2021 vil Fusa vgs ta inn elevar til lærefaget Automatisering som del av skulen sitt TAF/YSK-tilbod. På TAF-TIF har me fram til no hatt tilbod om å ta fagbrev innan industriteknologifaga på vg2. Frå skuleåret 2021-2022 kan ein også få opplæring i automasjon. På vg1 startar elevane på TAF/YSK-TIF og held fram på automasjon på vg2. Behovet for kompetanse innan automasjon er stort og aukande både i mekanisk industri, oppdrettsnæringa og andre bransjar i vårt område.
Du må senda eigen søknad til skulen. Opptaket vert gjort av bedriftene på bakgrunn av karakterar og intervju.
Kva kan du bli?
Med eit TAF/YSK-vitnemål i lomma står dei aller fleste dører opne for deg, og du er klar for ei høgare utdanning på høgskule eller universitet. I tillegg har du eit fagbrev som kvalifiserer for yrkeslivet.