Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Løk på skjærebrett

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Me tilbyr:

  •  Opplæring i tilrettelagte grupper innan alle utdanningsprogram skulen tilbyr.
  •  Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde elev.
  • Arbeidspraksis i bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass.
  • Opplæringa har fokus på førebuing til vaksenlivet.

For meir informasjon kan du ta kontakt med rådgjevar ved skulen.

Innhald i opplæringa:

  •  I gruppe for arbeidstrening legg me særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.
  •  I grupper for kvardagslivstrening vert det særleg vektlagt opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet.