Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje teknikk og industriell produksjon (TIP)?
Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIP noko for deg.
Me tilbyr:
- Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)
- Vg2 Produksjon og industriell teknikk (PIT)
- TAF Teknikk og industriell produksjon (Tekniske allmenne fag)
På Fusa vgs har me eit stort og moderne verkstadlokale, og du får ei spennande veksling mellom praksis og teori. Utdanninga har fokus på samarbeid skule-bedrift. Denne fagplattforma er det etterspurnad etter i mange bransjar.
Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan tekniske fag, kan du søkje TAF.

Kva kan du bli?
- CNC-operatør
- Sveisar
- Platearbeidar
- Industrimontør
- Industrirøyrleggjar