Hopp til hovedinnhold

Velkomen til nytt skuleår ved Fusa vgs

Amfi.jpeg

Vi gler oss til å ønskje nye og gamle elevar velkomen til skulestart ved Fusa vidaregåande skule.

Første skuledag for VG2 og VG3 er måndag 18. august kl. 07.45.
Første skuledag for VG1 er onsdag 20. august kl. 07.45.
Første skuledag for TAF4 er torsdag 21.august kl. 07.45.

Startssamtalar for VG1

Alle Vg1-elevar skal no ha fått innkalling til startsamtale via Digipost eller Altinn. Samtalane blir gjennomførte måndag 18. august og tysdag 19. august. Dersom du ikkje finn innkallinga, kan du ta kontakt med skulen på tlf. 56 58 09 00 for å få tidspunktet ditt. Oppmøtestad for startssamtalar er i resepsjonen, inngang A.
Fint om samtykkeskjema du får i innkallinga er fylt ut i forkant av startssamtalen i samarbeid med føresatte. 

Praktisk informasjon ved oppstart

Frammøte og oppmøtestad:
Alle elevar møter i Amfi til oppgitt tid første skuledag, inngang B. 


Låneavtale for lærebøker:
Alle må signera låneavtalen for lærebøker. Føresatte må signera avtalar for elevar under 18 år. Skulebøker får du låne av skulen. Vestland fylkeskommune har ei ordning med gratis lærebøker. Du får utdelt dei bøkene du skal ha, og leverer dei inn att på slutten av skuleåret.
Låneavtale signeres her


Skule-PC og digitale tenester:
Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune (VLFK)

Du kan velje:

  • å bruke eiga maskin eller kjøpe i butikk
  • kjøpe subsidiert elev-PC gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune.

Informasjon om ordninga for elev-PC
Skyss:
Elevar som har rett på skuleskyss, kan søke via skyss.no. Hugs å søke i god tid dersom du ikkje har gyldig reisekort frå før. Vidaregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområdet og skal søke om skolereisekort for buss, kan søke sjølv her.

Elevar som har behov for tilknytningsskyss må henvende seg i resepsjonen. Det same gjeld for elevar med delt bustad. 


Lånekassen:

Som elev i vidaregåande skule har du rett til stipend. Mellom anna har alle elevar rett til utstyrsstipend. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpa pålagt personleg verneutstyr og anna utstyr som er nødvendig i opplæringa. 
Søk om stipend
Skulemat og kantine:

Kantina er open frå første skuledag, og tilbyr sunn og god mat til elevane. Det er gratis frukost for alle elevar på Fusa vgs kvar dag, og lunsj kan kjøpast til rimelige prisar. 

Utstyr / arbeidstøy – TIF og Naturbruk

Skulen får besøk av ein leverandør torsdag 21. august og fredag 22. august, slik at elevane på utdanningsprogramma Teknologi- og industrifag (TIF) og Naturbruk får prøva utstyret og arbeidstøyet for å finna rett storleik og modell. Det blir då mogleg å kjøpa utstyret til rabatterte prisar.
Merk at kvar elev står fritt til å kjøpa utstyr frå andre leverandørar dersom dei ønskjer det.

Gjer deg kjend med heimesida vår:
Vi oppmodar elevar og føresette til å gjere seg kjende med innhaldet på heimesida vår – der finn de nyttig informasjon om skulekvardagen, reglement, kontaktpersonar og mykje meir.