Hopp til hovedinnhold

Miljødagen på Fusa vgs🌍

For fjerde år på rad blei det arrangert miljødag på Fusa vgs.

Onsdag 17. september gjennomførte Fusa vidaregåande skule sin årlege Miljødag – ein dag der alle elevar og tilsette bidrog til å gjere nærmiljøet reinare og skape medvit om miljø og berekraft.

I nydeleg haustvêr vart det rydda både langs sjø og på land. Elevane besøkte fleire stadar rundt Eikelandsosen – mellom anna Venjaneset, Boga, Holmefjord og Skjelbreid – og resultatet vart ei imponerande samling av funn: bordtennisbord, vaskemaskin, ein gammal komfyrtopp, reklameskilt, motordelar, fiskesneller, støytfangar og til og med ein halv båt!

Inspirerande start

Dagen byrja med engasjerande innlegg frå Kenneth Bruvik og den prisbelønte indiske miljøforkjemparen Afroz Shah, som delte sine erfaringar om korleis frivillig innsats kan endre verda.

Praktisk læring i fokus

Samtidig som store mengder bosshaug fylte seg opp, fekk elevar lære meir om livet i sjøen rett utanfor skulen. Marinbiologar og skulen sine eigne biologar sette opp ein kunnskapsrik stasjon med akvarium og levande artar, med god hjelp frå biologielevane. Elevane fekk sjå og halde sjøstjerner, skjell og andre artar, og oppdaga på nært hald korleis plastforureining kan påverke økosystemet vårt. 10.klasse frå Fusa ungdomsskule var òg innom og fekk ta del i opplegget.

Fellesskap og glede

Etter aksjonen vart alle funn registrerte, og det vart premie til det mest artige funnet. Klassen som vann fant eit bordtennisbord og vann pizza-premie til heile klassen. 

Til lunsj vart det servert nydeleg fiskesuppe laga av elevane ved restaurant- og matfag, før alle fekk kose seg med kake til dessert. Stemninga var på topp då heile skulen samla seg i gymsalen til felles måltid, med musikalske innslag frå Unikultur.

Takk for innsatsen

Ein stor takk går til samarbeidspartnarane våre AS Bolaks, Sævareid Fiskeanlegg og Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) – og ikkje minst til alle elevar og tilsette som gjorde ein strålande innsats.

Miljødagen er meir enn berre ein ryddeaksjon. Det er ein dag for læring, samarbeid og refleksjon om korleis vi alle kan bidra til å ta vare på naturen. Vi gler oss alt til neste år – saman gjer vi ein forskjell!