Hopp til hovedinnhold

Velkommen til open ettermiddag på Fusa vidaregåande skule 25.01.24, kl. 17.30-19.30

Skulen ynskjer å invitera til open ettermiddag for alle som ynskjer å sjå kva skulen kan tilby. Kjem du?

Du som skal søkje skuleplass på vidaregåande er ein viktig gjest og vi vil vise deg dei ulike programområda du kan få på Fusa vgs. Ta gjerne med deg foreldre/føresette! 


Dei ulike programområda vert presentert i klasseromma. 


Programområda skulen kan tilby:
•    Helse og oppvekst (HO)
•     Naturbruk (NA)
•     Restaurant og matfag(RM)  
•    Teknologi og industrifag (TIF) 
•    Kunst-designe og arkitektur (KDA). 
•    Du kan og få informasjon om TAF/YSK, innan dei ulike programområda på yrkesfag.


Vi har invitert ulike bedrifter, slik at du også kan få eit innblikk i kven skulen samarbeider med, og kva mogelegheiter som er i yrkeslivet.


Kantina vert opna som kafe denne ettermiddagen og du kan få kjøpt deg eit måltid.
Vel møtt!