Personalet ved Fusa vidaregåande skule

Me ynskjer deg velkommen som elev ved skulen vår!
Tilsette ved skulen legg stor vekt på å byggje god realsjon til deg som elev. Når du får gode erfaringar med relasjonar, kommunikasjon og samhandling får du eit godt utgangspunkt for å samarbeide med andre i eit framtidig yrkesliv, samt er det eit utgangspunkt for å bli ein god medborgar! Me ynskjer deg som elev "med på laget" for å stadig utvikla skulen vår til det betre. Gjennom engasjement og medvirkning, kan du få ei praktisk erfaring med demokratiske prosessar.
Me tilbyr deg relevant og praksisretta undervisning i yrkesfag, slik at du er førebudd på krava i yrkeslivet.
I studiespesialiserande fag tilbyr me deg undervisning som skal gjera deg førebudd til krava på universitet og høgskule.
Me sjåast,
Leiargruppa ved Fusa vidaregåande skule