Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

_DSC5084.jpg

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Frå og med skuleåret 2025/26 tilbyr Fusa vidaregåande skule, i samarbeid med Nettskulen Vestland, nettbasert opplæring i studiekompetansefag. 

Tilbud om påbygg/vg4:

Vi tilbyr påbygg vg4 for deg som har fagbrev/yrkeskompetanse eller har fullført vg1 og vg2 på yrkesfag:

Tilgjengelege fag og timetal, undervisningstimar, per veke: 

  • Norsk (NOR1270/1271, Vg3) – I snitt 8 timar per veke.
    (2 timar i sanntid torsdagar frå kl.17;00, 4 timar med asynkron undervisning og 2 timar gruppeundervisning)

  • Engelsk (ENG1007) – I snitt 4 timar per veke.
    (1 time i sanntid  onsdagar frå kl. 17:00,  2 timar med asynkron undervisning og 1 time gruppeundervisning)

  • Naturfag (NAT1007) – I snitt 4 timar per veke.
    (1 time i sanntid  måndagar frå kl.17:00, 2 timar med asynkron undervisning og 1 time gruppeundervisning)

  • Matematikk 1P (MAT1019) – I snitt 5 timar per veke.
    Periodisert, haust og vinter fram til veke 3 i 2026.
    (2 timar sanntid onsdagar frå kl. 18:00, 2 timar med asynkron undervisning og 1 time gruppeundervisning)

  • Matematikk 2P (MAT1023) – I snitt 5 timar per veke.
    Periodisert: Vår 2026 frå og med veke 4.
    (2 timar sanntid onsdagar frå kl. 18:00, 2 timar med asynkron undervisning og 1 time gruppeundervisning)

  • Samfunnskunnskap (SAK1001)  - I snitt 5 timar per veke.
    Periodisert: Haust og vinter fram til veke 3 i 2026.
    (1 time sanntid, tysdagar frå kl. 18:00, 3 timar med asynkron undervisning og 1 time gruppeundervisning)

  • Historie (HIS1011) – I snitt 8 timar per veke
    Periodisert: Vår 2026 frå veke 4.
    (2 timar i sanntid tysdagar, frå kl 18:00, 5 timar med asynkron undervisning og 1 time gruppeundervisning)


    Desse faga kan inngå i grunnlaget for generell studiekompetanse ved å oppfylle krava i 23/5-regelen (23 år + 5 års praksis).


    Organisering av opplæringa:

    • Opplæringa er i stor grad som omvendt undervisning med eigne opplæringsøkter i kvart fag kvar veke (asynkron undervisning). Undervisninga inneheld òg ein sanntidsdel, der alle deltakarane er samla på nett til same tid. I tillegg er det ein gruppedel, som er undervisning/gjennomgang i grupper etter avtale med lærar.
    • Sanntidsdelen av undervisninga skjer på ettermiddag og kveld, måndag til torsdag.
    • All undervisning blir gjennomført i samtid etter ein fast timeplan.
    • Deltakarane får standpunktkarakter i kvart fag.

    Fysiske prøvar og eksamenar:

    • Deltakarane må møte fysisk til enkelte skriftlege prøvar i norsk, matematikk og engelsk i løpet av skuleåret.
    • Prøvane kan gjennomførast ved ein skule nær der deltakarane bur.
    • Same ordning gjeld for eksamenar.

    Kven passar tilbodet for?

    Tilbodet er særleg godt eigna for deg som:

    • Kan jobbe strukturert og sjølvstendig med fagstoff
    • Har god digital kompetanse
    • Ønskjer ei fleksibel løysing for å oppnå studiekompetanse


    Opplæringa er i utgangspunktet lagt opp til å gå over eitt heilt skuleår.
    Dersom det er behov, kan deltakarar få lengre opplæringstid i enkeltfag for å nå måla i læreplanen.

    Oppstart

    Undervisninga startar i veke 36 (på teams). 
    Kan du ikkje møte/delta første skuledag, må du gi beskjed til skulen på tlf.56 58 09 00, eller sende e-post til: post.fuv@vlfk.no

    Dersom språknivået ditt er uavklart, kan du bli bedt om å stille til språktest.

    Treng du PC til bruk i opplæringa, les meir her: Kjøp av elev-PC - Vestland fylkeskommune

    Fråvær

    Forskrift om skulereglar i Vestland fylkeskommune (pdf) gjeld for deg som er deltakar i vaksenopplæringa. 

    Lærebøker 

    Det blir ikkje fysiske lærebøker. Undervisningsmateriell blir tilgjengeleg digitalt.