Skulen ynskjer å invitera til open ettermiddag for alle som ynskjer å sjå kva skulen kan tilby. Kjem du?
Alle som er nysgjerrige på Fusa vidaregåande skule, er hjarteleg velkomne.
Du som skal søkje skuleplass på vidaregåande dei neste åra, er ein viktig gjest, og vi ønskjer å vise deg dei ulike programområda du kan velje hos oss. Ta gjerne med deg foreldre, føresette, søsken, besteforeldre – eller andre som ønskjer å vere med.
Dei ulike programområda vert presenterte i klasseromma.
Programområda skulen tilbyr:
- Studiespesialiserande
-
Helse- og oppvekstfag / helsefagarbeidar
-
Naturbruk / akvakultur
-
Restaurant- og matfag / kokk og servitør
-
Teknologi- og industrifag / industriteknologi
-
Informasjon om TAF/YSK innan dei ulike yrkesfaglege programområda (marin, mekanisk og helse)
-
Tilrettelagd opplæring
Vi har invitert ulike bedrifter, slik at du også kan få eit innblikk i kven skulen samarbeider med, og kva moglegheiter som finst i yrkeslivet.
Kantina vert open som kafé denne ettermiddagen, og du kan kjøpe deg eit måltid.
Vel møtt!
