Vi gler oss til å ønskje nye og gamle elevar velkomen til skulestart ved Fusa vidaregåande skule skuleåret 26/27.
Første skuledag for Vg1, Vg2 og Vg3 er måndag 17. august kl. 07.45.
Første skuledag for TAF4 er torsdag 20.august kl. 07.45.
Startssamtalar for VG1
Alle Vg1-elevar vil få innkalling til startsamtale via Digipost eller Altinn. Vi sender ut invitasjon rundt veke 33. Samtalane blir i hovudsak gjennomførte måndag 17. august og tysdag 18. august. Dersom du ikkje finn innkallinga, kan du ta kontakt med skulen på tlf. 56 58 09 00 for å få tidspunktet ditt. Oppmøtestad for startssamtalar er i resepsjonen, inngang A.
Fint om samtykkeskjema du får i innkallinga er fylt ut i forkant av startssamtalen i samarbeid med føresatte.
Praktisk informasjon ved oppstart
Frammøte og oppmøtestad:
Alle elevar møter i Amfi til oppgitt tid første skuledag, inngang B.
Låneavtale for lærebøker:
Alle må signera låneavtalen for lærebøker. Føresatte må signera avtalar for elevar under 18 år. Skulebøker får du låne av skulen. Vestland fylkeskommune har ei ordning med gratis lærebøker. Du får utdelt dei bøkene du skal ha, og leverer dei inn att på slutten av skuleåret.
Låneavtale signeres her
Skule-PC og digitale tenester:
Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune (VLFK)
Du kan velje:
- å bruke eiga maskin eller kjøpe i butikk
- kjøpe subsidiert elev-PC gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune.
- Merk at enkelte utdanningsprogram krev den kraftigaste maskina (t.d. TIF, TAF-TIF)
Informasjon om ordninga for elev-PC
Skyss:
Elevar som har rett på skuleskyss, kan søke via skyss.no. Hugs å søke i god tid dersom du ikkje har gyldig reisekort frå før. Vidaregåande elevar som bur utanfor ungdomsbillettområdet og skal søke om skolereisekort for buss, kan søke sjølv her.
Elevar som har behov for tilknytningsskyss må henvende seg i resepsjonen på skulen. Det same gjeld for elevar med delt bustad.
Lånekassen:
Som elev i vidaregåande skule har du rett til stipend. Mellom anna har alle elevar rett til utstyrsstipend. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpa pålagt personleg verneutstyr og anna utstyr som er nødvendig i opplæringa.
Søk om stipend
Skulemat og kantine:
Kantina er open frå første skuledag, og tilbyr sunn og god mat til elevane. Det er gratis frukost for alle elevar på Fusa vgs kvar dag, og lunsj kan kjøpast til rimelige prisar.
Utstyr / arbeidsklede – teknologi- og industrifag, naturbruk og restaurant- og matfag
Skulen får besøk av leverandør måndag 17. august og tysdag 18. august, slik at elevane på utdanningsprogramma Teknologi- og industrifag (TIF) og Naturbruk (NA) får prøva utstyr og arbeidsklede for å finna rett storleik og modell. Det blir så mogleg å kjøpa utstyret til rabatterte prisar i etterkant av besøket.
Elevane på restaurant- og matfag får høve til å prøve arbeidsklede hos ein annan leverandør. Meir informasjon vil bli gitt av kontaktlæraren ved oppstarten av skuleåret.
Merk at kvar elev står fritt til å kjøpa utstyr frå andre leverandørar dersom dei ønskjer det.
Gjer deg kjend med heimesida vår:
Vi oppmodar elevar og føresette til å gjere seg kjende med innhaldet på heimesida vår – der finn de nyttig informasjon om skulekvardagen, reglement, kontaktpersonar og mykje meir.
