Vi gjennomfører Elevundersøkinga på skulen i løpet av dei komande vekene. Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får høve til å seie si meining om læring og trivsel på skulen.
Fusa vgs gjennomfører undersøkinga for elevar på alle trinn i løpet av oktober og november.
Elevane skriv ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når eleven har svart på undersøkinga, blir koplinga mellom påloggingskoden/-lenka til eleven og det eleven har svart broten. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga vert lagra og brukt på riktig måte. Svara vert lagra så lenge det er naudsynt, og kan verta brukt til forsking og statistikk og kan lagras i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Les meir om elevundersøkinga her:
Hva må foreldre og elever vite om Elevundersøkelsen? | udir.no
